<<

Jørungilknappen, 1710 moh.

0 kommentarer
Passer For
LENGDE
12.0
KM
VARIGHET
03:21:55
TID
STIGNING
743
METER
TOPPUNKT
MOH
MAX HELNING
PROSENT
JØRUNGILKNAPPEN, 1710 moh. og GRÅSKARVET, 1731 moh.

Kart: 1617-III, 1616-IV. Gangtid opp: 1-2 t. Tur-retur ca. 4 t. Turen er ikkje merka.



Utgangspunkt: Toppen av Smådalsfjellet. Parker på små naturlege avkøyringar.

Dette er ein lett tur, for det meste på gras og lyngmark, men stein og ur høgast oppe.

Turen er ikkje merka, men leia er ikkje til å ta feil av. Fylg ryggen søraustover og nyt utsikta mot Helinområdet og fjella i nord og vest. Du kryssar gamle stølsvegen til Smådalen og Storlien(sjå F2) etter 15-20 min gonge, og etter ca. ½ t. (2 km) er du ved Hallingsteinen. Dette er ei stor flyttblokk som isen nok har lagt frå seg her for nokre tusen år sidan. Sagnet fortel at ein halling på veg til eller frå Vang kom ut i eit frykteleg uver, men berga livet her i ly av steinen. Denne hendinga skal ha gjeve han namnet Hallingsteinen.

Fylg så ryggen vidare med ”blikket vendt” mot Jørungilknappen. På slutten, når du går ut av fyllittbergartane og over på den harde og næringsfattige g... (mer)ranitten på ca. 1600 moh., er det mykje grov ur. I tillegg til alt det du har sett før på turen, har du no storarta utsikt austover Slidrefjella, og dersom du no har med deg kikkert, vil du kunne studere dei mange fine stølsgrendene til slidringane.

No er ikkje vegen lang, ca. 15 - 30 min, bort til Gråskarvet som er høgste punktet. Utsikta er det ikkje råd å klaga på.

Eit stuttare, men brattare alternativ som kan nemnast, er frå Kvitehaugen (Kvithaug på M711 kartet) ved Movatn.

Hit kjem du ved å køyre 12 km frå Syndisstøga (butikken på Åstadstøle), fylg skilting mot ”Strø - Kvitehaugen” til krysset på Kvitehaugen. Hald til høgre mot ”Køltjednet” og parker på andre sida av dei to bruene. Gå anten høgre traktorveg forbi sørsida av støl, og du kjem rett på stigen, eller venstre stølsveg 300 m forbi klynge med stølhus, så tek du til høgre og ca. 75 m, over beitevoll, og du er inne på stigen som meir eller mindre fylgjer Oksleåne oppover. Det er mange små fotogene fossefall oppover. Fyrst går du slakt oppover i beiteområdet, så brattere gjennom bjørkeskog og open hei før stigen etter kvart blir borte i stein og ur, og du vel sjølv leia mot den av toppane du vil opp på.

Tid stoppet
00:42:59
TIMER
Tid I bevegelse
03:21:55
TIMER
Snitt hastighet
3.6
KPH
Innsenderen: OMA
Starter i: Helin, Oppland, NO
Start: Okt 20, 07 12:49
Lengde: 12.0 kilometer
Høydeprofil: + 743 / - 608 m
Maks helning
Snitt helning
Underlag: Umerket sti / skiløype
Egnet for: Fjelltur
 

Tid som er gått:
00:00:00

32x
Avspillingshastighet